fredag 3. mars 2017

Eg er ein hestehusbond.

I kjølvannet av dei meir kjende bloggarane Fotballfrue, Pilotfrue og mest sannsynleg ørten andre sine fruer, så vil eg òg starte min eigen frueblogg. Eller husbondblogg då, sidan det er fruen som driver med idretten i vårt forhold.

Mi komande kone er altså det ein på godt norsk kallar ei hestejente. Ho advarte meg utallige gongar før vi vart eit par om kor mykje tid hestane hennar tok, men eg lot meg ikkje skremme. Denne jenta var jo så fantastisk at eg skulle klare å leve med å spele andrefiolin i forholdet vårt, sjølv om varsellampene lyste verre enn blålysa på Trumps politieskorte. Eg har framleis ikkje latt meg skremme og ho svarte ja då eg fridde til ho forrige sommer.

Eg har starta nokon bloggar før men eg har hatt ei skrivepause ei god stund, og det var ikkje før mi komande svigermor fant bloggen min og oppfordra meg til å skrive meir at eg fikk ånden over meg igjen. Siden eg er over gjennomsnittleg glad i oppmerksomhet og lika å tru at eg har en forfatterspire i meg, så tok det ikkje lang tid før eg kom meg ut av tenkeboksen og sit her og skriv mitt første innlegg som bloggaren Hestehusbond.


Hestehusbond med frue