mandag 26. november 2018

5-6 veker på vei, kan det stemme?

Ved mistanke om graviditet så går ein sjølvsagt til ein lege som bekreftar dette, og vi satt difor idag på venteværelset med spenninga sitrande i kroppen. Vi har vore litt perplekse fram til no, så vi har sett fram til å få nokre svar rundt dette graviditetsgreiene.

Då kona mi tok ut P-staven for eit par månedar sidan fekk ho vete at det kom til å gå nokre månedar før ho kunne bli gravid. Dette var vi jo nokså sikre på at vi har motbevist, og det skulle bli godt å få det bekrefta av legen. Legen spurde litt rundt kva vi trudde og kva testar vi hadde tatt fram til no. Vi har jo kome fram til at ho må vere om lag 5-6 veker på vei, i forhold til kortid eg har vore heime. Den danske legen sa at vi får vite det nøyaktig på ultralyd som vi blir kalla inn til i veke 17-19, men han kunne jo lytte litt på magen for å høyre etter hjertelyd. Han påpeika at vi neppe ville høyre hjertelyd allereie etter 6 veker, då dette var noko ein høyrer først etter 8-10 veker.

Kona la seg ned på benken og legen gjorde klar maskineriet sitt. Vi høyrte først susing og skurring, noko som var pulsen til kona og naturlege lydar frå magen hennar, men så kom det. Ei superkjapp tromming; da-da-da-da-da-da-da-da-da-da. Med frysningar over heile kroppen min møter eg blikket til kona. Det er hjerteslaga til babyen vår. Eit lite under vi har skapt saman, mann og kvinne. Vi har laga eit nytt liv som no veks inne i magen til kona mi. Ei ubeskrivelig glede veks i meg. Legen seier deretter, litt forundra, men likevel bestemt; Med ein så klar hjertelyd er de 11 veker på vei, ikkje 6.

Eg skal bli pappa! ..og tankene rundt det..

Tankene har fortsatt rundt det faktum at eg skal bli pappa, naturleg nok vil vel dei lærde seie. Eg trur nok ikkje at eg veit kor mykje livet vil forandre seg, men eg har lest meg opp på en del. Tusen ting poppar inn i hovudet kvar dag; Kona må kjøpe nye kle som passa. Vi må male barnerommet. Kan vi finne babyting på finn? Kva tid skal vi på ultralyd? Kva økonomisk bistand har vi krav på? Søstra hennar skal jo straks føde, då vil jo ho ha mykje gravidkle til overs. Tankane rundt dette endar aldri.

Vi har iallfall funne ut at Thanksgiving er ei god tid for å seie det til familien. Kona mi er jo halvt amerikansk og feiring av Thanksgiving er viktig i familien hennar, nesten meir viktig enn julefeiringa faktisk! Svigers har invitert ned mine foreldre, svigerinnene mine kjem med familie, svigerforeldrene til svigerinna mi kjem, og tanta og onkelen til kona mi skal òg vere der i år. Dette blir ein heilt ypperleg setting for å berette om familieforaukninga. Vi gler oss i hel til vi kan skrike det ut til verda! Fram til då får vi berre sjå fram mot neste steg på veien til ein liten mini-me rundt oss i kvardagen.

Eg skal bli pappa!!

I går kom eg heim frå jobb i Nordsjøen, ei reise som i seg sjølv er verdt eit innlegg, men det vart overskygga av ein fantastisk nyhet! Mi kjære kone henta meg på togstasjonen i Særp klokka halv tolv på kveldinga og det var som vanleg utrulig godt å sjå ho. Vi kom heim og då hadde å kjøpt ei før-bursdags-gåve te meg. Eg er jo utruleg glad i oppmerksomheit, gåver og alt eg kan få så eg vart faktisk overlykkelig av omtanken. Eg opna gåva entusiastisk og fekk ein kopp. På koppen stod det "Tommel opp for den beste pappaen". Første tanken som slo meg var at det var merkelig at ho skulle gje meg ein kopp med den teksten, men 3 sekund etterpå slo det meg som ei bombe; Kona mi er gravid!! For ein utruleg følelse! Eg og Elizabeth har laga ein unge! Ein liten krabat!

Og då dukka det naturligvis fleire tanka opp i hovudet mitt, eller begge sine hovud faktisk. No må vi spare pengar. Kva farge skal det vere på barnerommet? Kva mat kan ho ete, og kva mat kan ho ikkje ete? Oi, vi skulle jo opne den flaska med vin vi fekk te bryllupet vårt! Korleis skal vi seie det til folk? Kortid kan vi sei det til folk? Kva med golfturen min neste år? Eg bør ha fast turnus offshore lenge før ho har termin...

Tankane fortsatte og fortsatte, berre avbrutt av ei heilt utrulig kjensle av glede sånn omtrent annakvart sekund. Det er jo skummelt òg då, men mest glede.

tirsdag 20. november 2018

Skrivesperre

Eg skal vel ikkje ha kjeft for at eg legge ut for hyppige innlegg her på bloggen, heller det motsatte. Uttrykket skrivesperre trudde eg eigentleg berre var ei unnskyldning forfattera, bloggara, poeta og musikera brukte når dei ville ha fri/ ikkje gadd å produsere. Eg skal ta av meg hatten og ta tilbake dei orda, for dei siste åra har eg nok lidd av det samme.

Kirsti Macdonald Jareg skriv i ein artikkel på psykologisk.no 10. Oktober 2015 (https://psykologisk.no/2015/10/hjelp-jeg-har-skrivesperre/) følgjande om skrivesperre:

     "Det høres ut som en sykdom. Selve begrepet er jo egnet til å skremme og lamme. Som et virus eller en bakterie man ulykkeligvis rammes av. Skrivesperre kan defineres som at man har lyst til å skrive, men ikke får det til. Det er altså ikke slik at man unngår å skrive fordi det er kjedelig – tvert om. Pennen brenner i hånden, tastene maser under fingrene, men det kommer ingenting ut."

Det er akkurat slik det kjennes. Eg har prøvd å endre konsept på bloggen, eg har prøvd å lage ulike planar i livet for å skrive om det og eg har prøvd å tvinge meg til å skrive. Det er rett og slett vanskelig å få noko ned på pairet, og når eg først har fått det ned på pairet så er det rett og slett rævva lesning. Det er vel ikkje anna å gjere enn å håpe på at lysta på å skrive skal komme tilbake...