mandag 26. november 2018

Eg skal bli pappa!!

I går kom eg heim frå jobb i Nordsjøen, ei reise som i seg sjølv er verdt eit innlegg, men det vart overskygga av ein fantastisk nyhet! Mi kjære kone henta meg på togstasjonen i Særp klokka halv tolv på kveldinga og det var som vanleg utrulig godt å sjå ho. Vi kom heim og då hadde å kjøpt ei før-bursdags-gåve te meg. Eg er jo utruleg glad i oppmerksomheit, gåver og alt eg kan få så eg vart faktisk overlykkelig av omtanken. Eg opna gåva entusiastisk og fekk ein kopp. På koppen stod det "Tommel opp for den beste pappaen". Første tanken som slo meg var at det var merkelig at ho skulle gje meg ein kopp med den teksten, men 3 sekund etterpå slo det meg som ei bombe; Kona mi er gravid!! For ein utruleg følelse! Eg og Elizabeth har laga ein unge! Ein liten krabat!

Og då dukka det naturligvis fleire tanka opp i hovudet mitt, eller begge sine hovud faktisk. No må vi spare pengar. Kva farge skal det vere på barnerommet? Kva mat kan ho ete, og kva mat kan ho ikkje ete? Oi, vi skulle jo opne den flaska med vin vi fekk te bryllupet vårt! Korleis skal vi seie det til folk? Kortid kan vi sei det til folk? Kva med golfturen min neste år? Eg bør ha fast turnus offshore lenge før ho har termin...

Tankane fortsatte og fortsatte, berre avbrutt av ei heilt utrulig kjensle av glede sånn omtrent annakvart sekund. Det er jo skummelt òg då, men mest glede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar