mandag 26. november 2018

5-6 veker på vei, kan det stemme?

Ved mistanke om graviditet så går ein sjølvsagt til ein lege som bekreftar dette, og vi satt difor idag på venteværelset med spenninga sitrande i kroppen. Vi har vore litt perplekse fram til no, så vi har sett fram til å få nokre svar rundt dette graviditetsgreiene.

Då kona mi tok ut P-staven for eit par månedar sidan fekk ho vete at det kom til å gå nokre månedar før ho kunne bli gravid. Dette var vi jo nokså sikre på at vi har motbevist, og det skulle bli godt å få det bekrefta av legen. Legen spurde litt rundt kva vi trudde og kva testar vi hadde tatt fram til no. Vi har jo kome fram til at ho må vere om lag 5-6 veker på vei, i forhold til kortid eg har vore heime. Den danske legen sa at vi får vite det nøyaktig på ultralyd som vi blir kalla inn til i veke 17-19, men han kunne jo lytte litt på magen for å høyre etter hjertelyd. Han påpeika at vi neppe ville høyre hjertelyd allereie etter 6 veker, då dette var noko ein høyrer først etter 8-10 veker.

Kona la seg ned på benken og legen gjorde klar maskineriet sitt. Vi høyrte først susing og skurring, noko som var pulsen til kona og naturlege lydar frå magen hennar, men så kom det. Ei superkjapp tromming; da-da-da-da-da-da-da-da-da-da. Med frysningar over heile kroppen min møter eg blikket til kona. Det er hjerteslaga til babyen vår. Eit lite under vi har skapt saman, mann og kvinne. Vi har laga eit nytt liv som no veks inne i magen til kona mi. Ei ubeskrivelig glede veks i meg. Legen seier deretter, litt forundra, men likevel bestemt; Med ein så klar hjertelyd er de 11 veker på vei, ikkje 6.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar