tirsdag 24. april 2018

Sarsbor!!

"Uansett kor du må flytte på grunn av jobb so følge eg deg." Som sagt så gjort.

Fruen fekk jobb som miljørådgivar i Sarpsborg Kommune og då var det jo berre å holde lovnaden min. Vi flytta hit til Sarpsborg for snart 2 månedar sidan, og har etter kvart fått vår nye heim i orden. Leiligheita på nesten 100 kvm ligg berre eit godt golfslag frå rådhuset der fruen har sitt kontor, og veien er ikkje lang for å komme seg ut av byen og inn i skog og mark. Som dykk forstår så er vi meget fornøgde med plasseringa!

Sarpsborg, eller Sarsbor som det heiter her nede, har vist seg å vere litt som Sandnes; Ein lillebror. Vi har jo spurt folk litt om kvar ein går ut, kvar et ein, kvar drikk ein, og svaret vi har fått fra dei aller fleste er: Fredrikstad! Kanskje ikkje så rart at utelivet slit litt når folk har den holdninga, men nokon bra plassar kan ein finne her likevel: Godt øl finn ein på 42 Bar og Bowling og Neptune, god mat på Edo Brasserie og bra sushi på Art Sushi. Den lokale fotballpubben må og nevnast der dei visar stort sett alle kamper som kan vere interessant for gjennomsnittssærpingen.

Eg ventar i spaning på at den siste isen skal smelte frå golfbanene her nede, slik at eg kan få fyllt dagane med noko meiningsfylt..