torsdag 26. mars 2020

Imbesile idiotar

Til min son,

I desse tider er eg svært uroleg for framtida di. Ikkje fordi eg er redd for at Moder Jord ikkje eksisterar eller at naturen er svært annleis når du får ungar sjølv, for der trur eg teknologiske framsteg vil kompensere for dei eventuelle endringane verda står ovanfor. Nei, det som gjer meg så uroleg er at det i desse virustider, meir enn nokon gong før, viser seg at ein faretruande stor del av befolkninga er imbesile idiotar som er av den tru at dei veit betre enn alle andre. No meinar eg sjølvsagt dei sjølvutnemnde ekspertane som sit bak ein skjerm og sprer eder og galle. Dei som med stor fordel kunne sagd av seg fingrane og knebla seg sjølv, og heller lytte til dei som faktisk veit kva dei snakkar om; dei som har utdanning innan, har lang erfaring innan og jobbar innan relevante fag.

Eg har no gått frå å vere forbanna over meinigslause ytringar, til å bli skuffa og oppgitt, før eg no berre må smile og le av alt eit menneske klarar å koke i hop av oppspinn og kildelause kommentarar. Eg har aldri vore sky for ein god diskusjon, det veit alle som har møtt meg, men eg tar ikkje del i ein diskusjon om beste måte å bekjempe Koronaviruset, for det har eg faktisk ikkje eit snev av grunnlag for å vete noko om! Det som er påfallande er at dei som var sjølutnemnde ekspertar på infrastruktur, partipolitikk og bompengar på hausten i fjor, vart klimaekspertar i vinter og no er dei ekspertar på pandemi og makroøkonomi. Ikkje misforstå meg; eg vil gjerne at alle skal ha muligheit til å stille kritiske spørsmål til både statsrådar og Jørgen Hattemakar, men når dei kritiske spørsmåla blir til kildeslause ytringar kan eg ikkje gjere anna enn miste trua på framtida di, kjære son.

Samstundes, når ein tar blikket vekk frå dei som sprer frykt og hissar til krig, og ser på dei som står på, dei som legg vekk egoismen, dei som meinar godt, dei som gjer ein felles innsats for å bekjempe viruset, dei som sprer optimisme, positive tankar og glede, så får eg tilbake trua. Eg får tilbake trua på at du faktisk har ei god verd å vekse opp i ,bli vaksen i, ei verd du sjølv kan oppfostre eit born i.

mandag 2. mars 2020

Kav nynorsk eller forklarande emojies?

Det er ikkje alltid like enkelt å skrive. Eg har i lang tid hatt lyst til å ta opp igjen bloggskrivinga som eg ein gong i tida var litt betre på å oppretthalde enn eg er no. Denne bloggen vart i si tid oppretta for å skildre livet til ein som har gifta seg med ei hestejente. No har vi vore gift i 2 og eit halvt år-ish og eg kan med trygghet seie at det har vorte ein del færre innlegg enn det intensjonen var. Det har ikkje skorta på historier så eg får vel byrja å fortelje dei framover.

Eg har endå ikkje bestemt meg for kva språklinje eg skal leggje meg på; bokmål, mi opprinnelige dialekt, mi dialekt med språking frå Bergen, Stavanger, Sola og Austfold, nynorsk, kav nynoregsk, eller ei salig blanding av alt? Alternativa er uendelege og i dagens sosiale samfunn blir eg digitalt halshogd for feil i alle samanhengar. Eg tykkjer det blir feil av meg å skrive mi historie på bokmål, men eg har aldri vore ein entusiast av det nynorskaste av det nynoregske heller. Når ein les eit avsnitt skreve på mi opprinnelege dialekt så kan den lesast mest som den er skreve i halve det geografiske Noreg, så det blir heller ikkje heilt optimalt. 9 av 10 lesarar hadde nok heller ikkje oppfatta meir enn halve teksten då uansett.

Og kva skal gjerast med tegnsetjing? Skal ein bruke utropsteikn, prikk, prikk, prikk eller emojies for å understreke poenga, eller skal eg stole på at lesarane faktisk klarar å fange opp sarkasmen, humoren, gleden og sorgen eg brukar i bloggen min? Det er jo langt ifra alle som er like smarte og opplyste som meg... 😁😉😏😆😘

Det eg prøvar å få fram her er at eg no vil ta opp igjen blogginga mi, og at det vil ta tid før eg har funne mi skriveform så vis meg tolmod.