lørdag 9. januar 2021

Hårete mål for 2021

Nyåret er godt i gong og eg har lurt på om eg skal starte det på den sedvanlige måten. Er det tid for nok eit år med brutte løfter, avbrutte prosjekt, unnskyldningar, skuffelsar og hårete mål? Eg har eit par prosjekt eg allereie har begynt med, som at streaken min på Spansk på Duolingo-appen er i skrivande stund på 166 dagar og eg har holdt 10000 skritt om dagen sidan 7. Desember i fjor. Det er då sjølvsagt at eg fortset denne trenden. Eg har òg byrja 2021 som arbeidsledig og student, så ein jobb må eg vel få meg, og eg og kona har blitt einige om eit generelt sunnare liv framover. Men treng eg fleire mål enn dette? Kva tenker eg om jobb, hus, økonomi, helse, golf? Kva hårete mål har eg her? Jaja, eg får slenge ut noko sprøyt.

På helsefronten så skal vekta ned til 87kg og eg skal sjå fit ut. Det har nok blitt nokre meir eller mindre realistiske mål på Strava også, og poden fekk keyboard til jul så eg må vel lære meg å spele det òg. Fast jobb må vel vere målet innan jobb, og B i begge faga eg tar på Hiof skal vel vere innafor. Eg veit ikkje heilt kva studieplanar eg har til hausten, det avheng av fast jobb/ myndigheitene sine bestemmelsar rundt dagpengar og studier. Når det gjeld temaet hus og økonomi er det jo slik at vi må begynne bygginga av huset på Sola i løpet av året så økonomien blir jo deretter, men eg skal no prøve å kutte ned på unødvendige utgifter som snop, dill, duppedittar og dingsebomsar.

Når det gjeld golf så investerte eg i nye jernkøller i baggen i fjor, og til jul fekk eg ein valgfri driver av kona, så no kan eg ikkje skylde på utstyret lenger. Sjølv om eg meinar at spelet mitt er bedre enn kva handicappet tilseier må eg nok trene mykje for å nå mine mål for 2021; singel hcp, break 80 og meir stabilt spel.

Eg kan nok prøve å bli litt meir audmjuk i kvardagen, litt mindre skråsikker i diskusjonar, dempe min besserwisserfaktor, klage mindre og lytte meir på generell basis. Ja, og slutte å lese kommentarfelt og bruke mindre tid på sosiale medier. 1000km på joggeskoa, 5 millionar skritt, 300 gå- eller joggeturar, halvmaraton under 2 timar og 7-8 timar søvn kvar natt. Då har eg vel lista ned nok av prosjekt eg kan avbryte og mål eg kan pisse på i 2021. Godt nyttår folkens!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar